Wednesday, November 25, 2009

Brann

Eg har no bodd i Boxbo i snart tre og eit halvt år. I løpet av denne tida har det vore ein god del brannalarmar. I det store og heile har det vore falske alarmar. Til dømes har det vore folk som har vore litt overivrige i matlaginga, eller feil på varslingssystemet. Av dei meir minneverdige var natt til IT-eksamen, ikkje akkurat den beste oppladinga, men men. Etter at eg vart med i styret, har eg og fått ansvar for å oppklare og avlyse desse alarmane.

Så, når alarmen gjekk litt før tolv i kveld tenkte eg at det var ein av dei vanlege falske alarmane, så feil kunne eg ta. Det viste seg at ein bebuar hadde glømt å slå av kokeplata før han gjekk og la seg. Da alarmen gjekk var plata raudglødande, leiligheta røykfullt og bebuaren sjølv sov godt, heilt til han vart vekt av styreleiaren. For ein gongs skuld var det altså ein "ekte" alarm, og eit bevis for at det er fornuftig å ha slike ting som røykvarslarar og brannalarm.

Når i først er inne på området, så fekk eg batteri frå Gjensidige her om dagen, som skulle skiftast 1. desember. Men, det slepp eg, nok ein fordel med sentralsystem...!

Monday, November 16, 2009

Graving

Eg fortsett med graving i gamle bilete (kan komme av at eg aldri får rota meg til å ta nye).

Dagane blir berre kortare og kortare, og mørkare. Likevel er det ei lita timing av lys over horrisonten. Slik kan det og vere i livet. Det kan sjå mørkt ut, men som oftast er det lys i tunnelen langt der framme...(og over skyene er himmelen alltid blå)

Friday, November 13, 2009

Ein smakssak

Så har det skjedd nok ein gong; det har vorte stjåle eit Munch-bilete (eller litografi for å vere heilt nøyaktig). Denne gongen vart det ikkje teke frå Munch-museet, men frå eit galleri midt i Oslo. Dei fleste hugsar vel forrige gong, og alt oppstyret som følgde med det - no er det altså på ann igjen! (sukk)

Det kan sjå ut som om tjuvane denne gongen har lært litt, og vorte litt meir moden. Forrige gong var det tross alt eit væpna ran, denne gongen var det "berre" eit innbrudd. Dessuten: Bilete dei tok denne gongen, "Historien", er, etter mi meining, mange gonger så fint som både "Skrik" og "Madonna"!

Thursday, November 12, 2009

Eit Bilete


Eit bilde seier meir enn tusen ord vert det sagt. Dei som har fulgt med ei stund på bloggen min veit at eg kan skrive mange ord, men det er ikkje alltid eg er like flink til å bruke bilete i staden eller i tillegg til orda. No har eg bestemt meg for at eg skal bli betre på dette! (Og da blir det slik, kanskje, viss eg hugsar det...) Eg byrja på tirsdag, og da berre med eit bilete, utan ord attåt. Det var eit bilete eg tok i ein anna November, og det tenkte eg at eg skulle ta i dag og, berre denne gongen eit bilete som er litt meir vinterleg av seg. Det er jo ganske fint (og passe kaldt) vér i Trondheim no, men det kunne ikkje skada med litt snø...

Tuesday, November 10, 2009

November

Monday, November 09, 2009

Gratulerer

Ja, det er berre å gratulere Aalesund med cup-sigeren! Det viste seg at fleirtalet her på bloggen hadde rett, og var framsynte nok til å sjå kven som kom til å sigre. No skal det seiast at eg var ein av dei som tok feil.

Det er mykje anna som og kan seiast om cupfinalen. Dommaren tok fleire kontroversielle avgjersler, og dei kjem nok til å bli debatert i lang tid framover. Om Molde skulle hatt straffespark er ein ting, men det er ganske sikkert at Parr skulle vore utvist, og det spørs om Aalesund hadde klart å vinne med berre 9 mann. Men, fotball er fotball, og slik vil det alltid vere, dommaren bestemmer ute på banen, og det kan vippe begge vegar. Eg må seie at eg er imponert over kva Aalesund klarte med 10 spelarar.

Til slutt må eg gratulerer Molde med to sølv, det er absolutt imponerande det og!

Så gjenstår det å sjå korleis sunnmørslaget klarer seg når dei skal ut i Europa...

Wednesday, November 04, 2009

Windy City

I dag hadde eg vanskeleg for å bestemme meg kva eg skulle skrive om, skulle eg skrive om véret, eller skulle eg skrive om utenriksnyhende? Turen frå mi kjære vesle stoge og ned til Gløs overbeviste meg: Eg skulle diskutere véret! Men: Så ombestemte eg meg att, og praten om véret får begrense seg til overskrifta i dag (den taler vel for seg).

I går var det nemleg guvernørvalg i New Jersey og Virginia. Dei siste vala, både i Noreg og i USA har ikkje akkurat vore nokon opptur, men no kan det sjå ut til at ting betrar seg! Republikanarane Bob McDonnel og Chris Christie vann nemleg klare sigrar i kvar sin respektive statar! Det var ein skikkeleg god nyhet å vakne opp til! Det kan sjå ut til at republikanarane er på frammars, og ekstra søt smak gir denne sigeren ettersom Obama bruka ein del energi på å backe dei demokratiske kandidatane. No er det berre å vente til valet neste haust, og vone at republikanarane kan ta attende plassar i senatet og!

"When the Boogeyman goes to sleep every night he checks his closet for Chuck Norris. "